Midtnorsk ungdomsstorband

mnusbMNUSB er eit flott utviklingsprosjekt som Midtnorsk jazzsenter har for ungdom mellom 15 til 20 år. Her kjem talenfulle ungdomar frå midtnorge saman og får spelt orginalmusikk på eit høgt musikk. Kristoffer Lo og Daniel Formo leder ungdomsstorbandet.
Konserten vert arrangert i samarbeid med Midtnorsk Jazzsenter.

Improbattle – «Nyt Inderøy!»

inderoystoscanaPå Nils Aas denne laurdagen kan du både nyte små aromatiske godbitar og spontane musikalske perler som er heilt unike, som aldri har vore laga før. Anretta av heimeprodusentar frå Inderøy og improviserande musikarar på vitjing til Soddjazz. Me har lenge ønskt å lage eit naturleg møtepunkt for dei tilreisande musikarane slik at ein kan møtast litt på tvers av faste band og faste musikkmiljø. Sidan møtet er tenkt spontant, veit me ikkje kven som spelar med kven. Men mellom dei som vil bidra finn ein Per Jørgensen, Thomas Dahl, Martin Küchen, Live Maria Roggen, Siri Gjære, Mattias Ståhl, Goran Keifjes og mange andre!

Musikarar frå Trondheim Voices, Angles 8, BMX og fleire

Martna i Muustrøparken

mtpMartna, konserter og forskjellig aktiviteter i Muustrøparken, på e@, og rundt omkring på Straumen.

Det blir internasjonalt marked hvor inntektene går til Kab’awil. På markedet vil det være enkel servering  leker for barn, kjærlighetssti for de litt større og mange andre spennende aktiviteter.

Elever fra Birka folkehøgskole i Sverige spiller i Mustrøparken fra klokken 10:30 til 13.

Martna’n arrangeres i samarbeid med Sund folkehøgskole.

Du skal få høre fuglesang

fuglesang-web

Den som har hørt fuglesang tviler vel ikke på at fugler har sin egen kultur. Fuglene både synger, spiller og danser, og leker også.

Trilogien bygger på utøvernes improvisasjonskunst, som kommer barnas lekenhet i møte.

Du skal få høre fuglesang er en barneteatertrilogi tilpasset tre ulike målgrupper:

SPURV for barn fra 0-2 år

NATTERGAL for dem mellom 3 og 5 år

HAKKESPETT for alle mellom 6 og 9 år

Michael Duch – kontrabass
Tor Haugerud – perkusjon
Eirik Hegdal – saxofon/klarinett/bassklarinett
Line Strøm – dans
Live Strugstad – dans
Andreas Medbøe Thoresen – skodespel
Janne Brit Rustad – skodespel

Arrangeres i samarbeid med Teater fot

Friends & Neighbors

friendsneighbours-webMed snertne komposisjonar og energisk, virtuost spel kjem desse venlege naboane til Soddjazz for å fyre opp stemninga på Raudbrygga. Dynamisk og kontrastfylt musikk, der eit kollektivt uttrykk er kjernen i musikken.

Som venner og naboar når dei studerte i Trondheim, fekk dei lyst til å danne band saman, noko som resulterte i debutplata ‘No Beat Policy’. Den vart vel motteken av meldarane og Terje Mosnes oppsummerte: “Med klassisk kvintettbesetning kommer Friends & Neighbors som en yngre, forrykende jazzlinjeutgave av Atomic” .

Gjer klar for ein dampande fredagskveld på brygga med Friends and Neighbors!

Thomas Johansson – trumpet
André Roligheten – saxophone/bass clarinet
Oscar Grönberg – piano
Jon Rune Strøm – double bass
Tollef Østvang – drums

Saka med Maja Ratkje

saka-web

Om nokon skulle tvile: desse brenn for Saka! Opphaveleg ein trio som Alberts, Strøm og Knedal Andersen har hatt som ein fast øvebase midt oppe i mange andre improprosjekt.. Dei høyrer til ein ung generasjon som har teke friimpro, frijazz eller kva ein skal kalle det, til nye stader, sterkt inspirerte av den europeiske frijazzscena. Med vekt på klangbehandling, spontan interaksjon og eit fyrrig temperament.

Maja Ratjke er ein  komponist og improvisasjonsmusikar, som har gjort porten inn til den norske improvisasjonsscena høg og vid,  og dermed mykje meir spennande. Me kjenner ho frå samarbeidet med Poing, som gjesta Soddjazzen to gonger med sin 1. maikonsert, og ho har m.a. jobba med dadaisten/vokalfenomenet Jaap Blonk og svartmetallbandet Enslaved. Så ingenting å seie på spennet hennar!

Dette er første gong Saka og Maja treffer kvarandre, så miss ikkje denne mulegheita til å oppleve dette førstegongsmøte!

Jon Rune Strøm – kontrabass
Kristoffer Alberts – saksofon
Dag Erik Knedal Andersen – trommer
Maja Ratjke – vokal, effektar

David Bowie + Alpaca Ensemble = sant!

AlpacaAlpaca Ensemble presenterer nykomponert musikk basert på David Bowies konseptalbum “The Rise and Fall of Ziggy Stardust and the Spiders from Mars” frå 1972.  Nykomposisjonane er skrivne av komponistane Alwynne Pritchard, Ole Henrik Moe, Jon Øivind Ness, og Maja Solveig Kjelstrup Ratkje. Pekka Stokke skaper den visuelle ramma for konserten med live videoprojeksjon og lysdesign.

Alpaca Ensemble ønskjer å utforske skjæringspunktet mellom populærkulturen og samtidsmusikken. På den måten vil dei presentere samtids- og kammermusikk for eit nytt publikum.

Klikk for å se film med utdrag av forestillingen

Andreas Elvenes – vokal
Maja Kjeldstrup Ratkje – vokal/elektronikk
Alpaca Ensemble:
Marianne Baudouin Lie – cello
Else Bø – piano
Alex Robson – fiolin
Pekka Stokke – video/lysdesign

Konserten er eit samarbeidsprosjekt med Ny Musikk Trondheim.

Adventura Botanica

botanicaDenne danseforestillinga er inspirert av Charles Darwin og den forskninga han gjorde på planter. Darwin kunne gjennom si forsking forutsjå eksistensen til eit insekt som polinerte stjerneorkideen på Madagaskar, og tredve år etter at han gjekk bort vart dette insektet oppdaga. Insektet fekk namnet haukemøllen  (Xanthopam morganii praedicta ) etter Darwin si evne til å sjå fram i tid.

Fritzøe har fleire tidlegare vellukka samarbeid med improvisasjonsensemblet SPUNK. Adventura botanica er koreografert og dansa av Fritzøe og scenografien er av biletkunstnar Karl Hansen.

Innspelt musikk: SPUNK (Maja Ratkje, Hild Tafjord, Lene Grenager og Kristin Andersen) | Koreografi og dans: Odd Johan Fritzøe

Arrangeres i samarbeid med Dans i Nord-Trøndelag

Misha Alperin

Misha Alperin

Det restaurerte , flotte steinwayflygelet hjå Ole og Vigdis Hegdal vil i år verte traktert av pianisten Mikhail “Misha” Alperin. Han er opphaveleg frå Ukraina,  med studier og karriere frå Moskva, og  no professor ved NMH (Norges Musikkhøgskule, sidan 1993).  Med sin Moscow Art Trio, har han i ei årrekke vore eit sentralt namn i europeisk jazz, ikkje minst på plateselskapet ECM. Han har óg sett preg på ein heil generasjon norske pianistar som Eyolf Dale, Helge Lien og Morten Quenild, alle kjenneteikna av eminent klangbehandling , rytmisk driv og sterk personleg stemme. Det same som forøvrig kjenneteiknar Misha sjølv.
Befriande lite trufast mot ulike sjangerar, dreg han vekslel på såvel klassisk-, folke og jazzmusikk. Ein sann kosmopolitt både i sin musikk og sitt liv!

Round Midnight – Misha Alperin from Rikskonsertene on Vimeo.

Misha Alperin – solo piano

Kurv (jazzlinja NTNU)

kurv-webTradisjonen tru får Soddjazz vitjing av 2. klassen ved jazzlinja-NTNU. Av førehandsomtalen kan me lese: I år er bandet Kurv fletta saman av iherdig arbeid og fylt til randa av pur lidenskap og speleglede. Dette er musikarar som kvar dag jobbar for å finna nye retningar og for å tøya grenser både for sjangeren og for kva instrument dei trakterer.Ulike konstellasjonar framfører eigne komposisjonar som tilsaman dannar denne pikniken av ein konsert. Set deg til rette og forsyn deg av godsakene som kjem utav korga!

Kim Christer Hylland – trommer
Egil Kalman – bass
Simon Olderskog Albertsen – trommer
Emilie Vasseljen Storaas – vokal
Bárður Reinert Poulsen – bass
Gustav Holmqvist – bass
Kari Eskild Havenstrøm – vokal
Sondre Pettersen – vokal
Kjetil André Mulelid – piano
Petter Kraft – saksofon
Aleksander Lindås – gitar

BMX med Per Jørgensen

BMX med Per Jørgensen_stort

BMX starta som ein basslaus trio i fotefara til den meir kjende Paul Motion Trio. Gjennom samarbeidet med Per Jørgensen, som starta under Nattjazz i 2008, har trioen vorte kvartett og har lagt ut på si eiga ferd gjennom det improviserte musikklandskapet. Settlister og faste avtalar er erstatta av spontane komposisjonar med øyrene som navigeringsinstrument. Framleis kan låtfragment dukka opp om det skulle høve seg slik., men og berre då. Bandet har det ein på nynorsk kallar eit ‘eklektisk’ forhold til musikken: alle dei ulike stilane og  nyansane av musikken er hjarteleg velkommen inn!

Per Jørgensen – vokal, tromme og trompet
Thomas T Dahl – gitar
Njål Ølnes – saksofon
Øyvind Skarbø – trommer

Trondheim Voices

TVgruppebilde_webTrondheim Voices er  eit vokalensemble som består av  ni vokalistar som kvar for seg er sterke, individuelle stemmer i den norske jazzfaunaen. I løpet av dei åra som har gått sidan oppstarten i 2001, har kjernen i ensemblet vore den same. Slik har dei prøvd å lage eit samspelt ensemble beståande av individuelle stemmer, meir enn stemmer tilpassa ein ideell ensembleklang. TV har heile tida brote ny mark og vore uredde i sine vegvalg: dei har jobba med teater-, video- og performancekunstnarar i tillegg til å la kjende komponistar skrive for ensemblet. I år er samarbeidskunstnaren Ann-Cathrin Hertling, som saman med TV undersøker rommet, møteplassen, situasjonane der musikk oppstår og får ei meining.

Live Maria Roggen | Heidi Skjerve | Siri Gjære | Kirsti Huke | Tone Åse | Ingrid Lode | Anita Kaasbøll | Torunn Sævig | Silje Karlsen | Sissel Vera Pettersen – alle vokal

Kirsti Huke og Ola Kvernberg

huke

Opningskonserten vert i år med to musikarar som er høgt skatta hjå det jazzelskande publikum. Begge ber med seg eit naturleg og kjærleg kjennskap til jazztradisjonen, og begge er virtuose instrumentalistar på kvart sitt vis. Begge har også den unike gåva at dei lét friske og ungdomelege uansett kor gamle låtane måtte vera. Samarbeidet her er av nyare dato og starta av den enkle grunnen at dei er store beundrarar av kvarandre. Musikken består av coverversjonar av kjende og ukjende standardlåtar samt eigne låtar.

Ola Kvernberg – fiolin og effektar
Kirsti Huke – vokal

Angles 8

angles8-web

Angles 8, beståande av sju svenskar og ein inderøyning, er hjartebarnet til den varmhjarta svenske saksofonisten, Martin Küchen. Her har han samla eit knippe av sine favoritt-musikarar, som samtidig er av dei fremste improvisasjonsmusikarane i Norden.

Musikken er livsbejaande, kollektiv, sjelfull og inkluderande. Enkel og komplisert, lågmelt og støyande.

Den belgiske kritikaren Guy Peters skriv om bandet:”.. This music goes straight to the heart, without ever being cheap or banal. One has to be a soulless klunk not too feel it.”

Goran Kajfes – trompet
Eirik Hegdal – baryton + sopranino sax
Mats Äleklint – trombone
Martin Küchen – sax
Alexander Zethson – piano
Mattias Ståhl – vibrafon
Johan Berthling – kontrabass
Andreas Werliin – trommer

Soddjazzseminaret – nytt tidspunkt

Samtaler om Improvisasjon

Årets soddjazzseminar er en åpen prøve med Trondheim Voices. Her får deltagerne både observere, delta og kommentere den kunstneriske og kreative prosessen som musikerne er i på prøven.

Seminaret har fått nytt tidspunkt og arrangeres i Søylesalen på Sund folkehøgskole klokken 14:15.

Seminaret arrangeres i samarbeid med Sund folkehøgskole.

 

 

 

Framtidas stjerner i norsk jazz

Framtidas stjerner er eit samarbeid mellom ulike regionale jazzsenter, og har som mål å presentere den komande jazzgenerasjonen for eit breidt publikum. Eit titals unge band sende inn opptak av musikken sin, og av dei er desse fire banda plukka ut til denne vesle turnéen som også legg turen innom Soddjazz. Stikkorda for desse musikarane er breidde, kvalitet og nyskaping – og forteller oss at framtida for norsk jazz lovar godt!

1000

Dette bandet med den noe utradisjonelle besetningen to tromboner, tuba og trommer, består av musikere fra Griegakademiet i Bergen og Kgl Musikhögskolan i Stockholm. Musikken henter inspirasjon fra rock, tradjazz og modaljazz. Den unike besetningen skaper et lydbilde som spenner fra rått og mektig, til intimt og klanglig.

Andreas Rotevatn – trombone

Håvard Funderud – trombone

Steffen Granly – tuba

Mats M. Jenssen – trommer

Erle og Slaget

Duoen ble til på musikklinja ved Trondheim katedralskole, der de to medlemmene nå går sitt siste år. Duoen er tuftet på en felles fascinasjon for tunge basselementer i dynamisk kontrast til lettere melodiske motiver. Låtmaterialet strekker seg over flere sjangre, med utgangspunkt i soul, jazz og pop. Til tross for sin unge alder, har Erle & Slaget allerede rukket å spille på både Pstereo og Moldejazz.

Erle Romundstad Mylius – vokal, elektronikk

Oddbjørn Sponås – slagverk, vokal

Moksha

Trioen Moksha, bestående av gitar, perkusjon og tabla, så dagens lys våren 2012 med mål for øyet å øve inn låta »Joy» fra den legendariske skiva «Shakti with John McLaughlin». Konseptet med å blande elektrisk gitar med østlig tradisjonsmusikk ga mersmak, og bandet spiller nå egenkomponert materiale med dette som utgangspunkt.

Sanskriti Shrestha – Tabla
Tore Flatjord – Darbuka, perkusjon
Oddrun Lilja Jonsdottir – Gitar

Mirage Ensemble

Mirage Ensemble er en energipakke av akustisk, melodisk og groovende moderne jazz i en musikkverden hvor alt er lov. Seksmannsbandet Mirage Ensemble ble startet opp vinteren 2010 på musikkkonservatoriet i Kristiansand. Som supergitaristen Mike Stern sier om gutta: «The originals are smokin´, beautiful and so well played. Really tight.»

Magnus Malmedal Drågen – trompet
Joakim Bergsrønning- 
saksofoner
Lars Halvard Sutterud 
- trombone
Marius L. Igland – 
gitar

Steinar Glas – bass
Jens Nyland – 
trommer